Vg3 hudterapi (HUD03‑04)
Kjerneelement
Hud og helse
Kjerneelementet hud og helse handlar om korleis huda, neglene og håret er bygde opp og fungerer, og om ulike hudtypar og hudtilstandar. Vidare handlar det om endringane som kan oppstå i huda på grunn av livsstil og indre og ytre påverknader. Det handlar òg om hygiene og smittevern og tiltak for å oppnå god hudhelse. Kjerneelementet omfattar dessutan hudanalyse, ansiktsbehandling, depilering, massasje, farge av vippar og bryn og ulike hygienetiltak. Korleis huda verkar inn på helse og velvære, inngår òg.
Kvalitetssikring, etikk og teknologi
Kjerneelementet kvalitetssikring, etikk og teknologi handlar om å følgje yrkesetiske retningslinjer ved behandlingar og ved sal og service. Vidare handlar det om å observere, planleggje, gjennomføre og kvalitetssikre behandlinga. Det handlar òg om å føre kartotek og følgje gjeldande regelverk for personvern og teieplikt. I tillegg handlar det om helse, miljø og sikkerheit og om å førebyggje belastningsskadar hos hudterapeuten. Kjennskap til hudpleieprodukt og tekniske hjelpemiddel til bruk i kundebehandlingen inngår òg.
Hudpleiefagleg rettleiing, sal og service
Kjerneelementet hudpleiefagleg rettleiing, sal og service handlar om å kommunisere og samhandle med menneske med ulik bakgrunn, alder og livssituasjon. Vidare handlar det om å gjere kundane trygge og å kunne samarbeide med kollegaer og andre yrkesgrupper. Det handlar òg om å yte service, rettleie kundar og selje kosmetikk og hudpleieprodukt.