Vg3 industrisnikkarfaget (ISN03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidet etter prosedyrar og rutinar, arbeidsbeskrivingar, teikningar, standardar og bransjenormer
- planleggje eige arbeid med tanke på optimal utnytting av dei tilgjengelege ressursane i samsvar med produksjonsplanar, beskrivingar og instruksjonar
- utarbeide sikker jobb-analyse og vurdere risiko ut frå regelverk og produksjon, og reflektere over konsekvensar av å bryte reglar
- velje og bruke verneutstyr i samsvar med regelverk og rutinane i bedrifta og reflektere over konsekvensar av å bryte reglar
- vurdere materialval i produksjon ut frå materialeigenskapar og omsyn til berekraft
- lese og forstå brukarmanualar og bruke CNC-styrte og manuelle maskiner og utstyr i samsvar med rutinane og prosedyrane i bedrifta
- bruke prosedyrar og rutinar for å setje opp og bruke skjerande verktøy i maskiner og utstyr
- beskrive korleis program til styrte maskiner fungerer, og utføre grunnleggjande programmering av produksjonsmaskiner og periodisk vedlikehald i samsvar med vedlikehaldstabellane og prosedyrane til maskinprodusenten
- tolke teikningar til bruk i framstilling av produkt
- bruke overflatebehandlingsmaskiner og -utstyr i samsvar med brukarmanualar og rutinar og prosedyrar i bedrifta
- bruke utstyr, teikningar og beskrivingar ved montering og samansetjing av produkt
- bruke utstyr og maskiner til å pakke og emballere ferdige produkt
- dokumentere produksjonsdata i samsvar med rutinar og prosedyrar
- bruke kontrollrutinar for å avdekkje, rapportere og dokumentere avvik og for å gjennomføre korrigerande tiltak
- gjere greie for konsekvensane av robotisert og automatisert produksjon
- gjere greie for moderne produksjonsprinsipp med sikte på optimal ressursutnytting
- beskrive rutinar for produktdatablad og forklare formålet med dei
- presentere forbetringsforslag og delta i forbetringsarbeid knytt til produksjonsprosessane
- gjere greie for kva eigenskapar råvarene trebaserte produkt, lim og lakk har
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 industrisnikkarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 industrisnikkarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.