Vg3 industrisnikkarfaget (ISN03‑02)
Kjerneelement
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om kunnskap om regelverk og god praksis for helse, miljø og sikkerheit i arbeidet med tilverking, overflatebehandling og samansetjing av tre. Det handlar òg om korleis ein vurderer og avgrensar risikoen ved utføringa av arbeidet. Vidare handlar det om fysiske faktorar ein kan møte i arbeidsmiljøet, og korleis ein kan handtere desse.
Teknologi og materiale
Kjerneelementet teknologi og materiale handlar om kunnskap og ferdigheiter innanfor trearbeid, overflatebehandling og samansetjing. Vidare handlar det om å nytte mekaniske reiskapar, elektroniske applikasjonar og digitale ressursar for teknisk teikning og programmering. Det handlar òg om å drifte, overvake og halde ved like maskiner for industriell produksjon. Kjerneelementet handlar dessutan om robotisert og automatisert produksjon og materialkunnskap innanfor tre, lakk og lim og kunnskap om bruk av teknologi og produksjonsfilosofi.
Planlegging, produksjon og dokumentasjon
Kjerneelementet planlegging, produksjon og dokumentasjon handlar om å planleggje og utføre industriell produksjon av møblar, trevarer og innreiingar. Vidare handlar det om maskinering, vedlikehald, overflatebehandling, samanstilling og fullføring av produkt. Det handlar òg om å planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidet etter prosedyrar og rutinar, arbeidsbeskrivingar, teikningar, standardar og bransjenormer.