Vg3 industrisnikkarfaget (ISN03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 industrisnikkarfaget inneber å lytte, tale og samtale for å beskrive, dele og utvikle kunnskap som er knytt til observasjonar og erfaringar. Det inneber òg å bruke faglege omgrep til å beskrive produkt, arbeidsprosessar og teknikkar, formulere spørsmål, argument og forklaringar og grunngi eigne haldningar og val. Vidare inneber det å tilpasse uttrykksform, omgrep og døme til formålet og mottakaren.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 industrisnikkarfaget inneber å uttrykkje seg skriftleg ved beskriving av produkt, prosessar og teknikkar. Det inneber òg å bruke faguttrykk og formuleringar til å beskrive avvik og rapportere data frå produksjonsprosessen. Det inneber vidare å utforme tekstar og tilpasse innhaldet til mottakaren og føremålet.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 industrisnikkarfaget inneber å lese beskrivingar og instruksjonar for arbeidet og forstå faguttrykk og faglege framstillingar. Det inneber òg å lese og forstå visuelle framstillingar som arbeidsteikningar og skjema for produksjonsflyt.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 industrisnikkarfaget inneber å kunne hente ut, beskrive og tolke informasjon frå talmateriale og ordrar. Det inneber òg å berekne og analysere lønnsemd knytt til arbeidsprosessar og materialutnytting. Vidare inneber det å rekne ut toleransar knytte til produksjon.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 industrisnikkarfaget inneber å finne informasjon, planleggje og gjennomføre produksjonen og rapportere om og dokumentere opplysningar frå prosessane. Det inneber vidare å forstå program for betening av styrte maskiner, justering av verktøydata og kontroll med utstyr til maskiner. Digitale ferdigheiter inneber òg å utføre programmering av produksjonsmaskiner og -utstyr.