Vg3 industrisnikkarfaget (ISN03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, gjennomføre og dokumentere arbeidet etter prosedyrar og rutinar, arbeidsbeskrivingar, teikningar, standardar og bransjenormer
  • planleggje eige arbeid med tanke på optimal utnytting av dei tilgjengelege ressursane i samsvar med produksjonsplanar, beskrivingar og instruksjonar
  • utarbeide sikker jobb-analyse og vurdere risiko ut frå regelverk og produksjon, og reflektere over konsekvensar av å bryte reglar
  • velje og bruke verneutstyr i samsvar med regelverk og rutinane i bedrifta og reflektere over konsekvensar av å bryte reglar
  • vurdere materialval i produksjon ut frå materialeigenskapar og omsyn til berekraft
  • lese og forstå brukarmanualar og bruke CNC-styrte og manuelle maskiner og utstyr i samsvar med rutinane og prosedyrane i bedrifta
  • bruke prosedyrar og rutinar for å setje opp og bruke skjerande verktøy i maskiner og utstyr
  • beskrive korleis program til styrte maskiner fungerer, og utføre grunnleggjande programmering av produksjonsmaskiner og periodisk vedlikehald i samsvar med vedlikehaldstabellane og prosedyrane til maskinprodusenten
  • tolke teikningar til bruk i framstilling av produkt
  • bruke overflatebehandlingsmaskiner og -utstyr i samsvar med brukarmanualar og rutinar og prosedyrar i bedrifta
  • bruke utstyr, teikningar og beskrivingar ved montering og samansetjing av produkt
  • bruke utstyr og maskiner til å pakke og emballere ferdige produkt
  • dokumentere produksjonsdata i samsvar med rutinar og prosedyrar
  • bruke kontrollrutinar for å avdekkje, rapportere og dokumentere avvik og for å gjennomføre korrigerande tiltak
  • gjere greie for konsekvensane av robotisert og automatisert produksjon
  • gjere greie for moderne produksjonsprinsipp med sikte på optimal ressursutnytting
  • beskrive rutinar for produktdatablad og forklare formålet med dei
  • presentere forbetringsforslag og delta i forbetringsarbeid knytt til produksjonsprosessane
  • gjere greie for kva eigenskapar råvarene trebaserte produkt, lim og lakk har
  • gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv

Undervegsvurdering