Vg3 industrisnikkarfaget (ISN03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 industrisnikkarfaget handlar om å utføre moderne produksjon av trebaserte produkt og vite korleis desse produkta og å utnytte ressursar bidreg i ei berekraftig utvikling. Faget skal medverke til å utvikle framtidsretta yrkesutøvarar med kompetanse innanfor produksjonsteknologi, teknikkar og prosessar. Faget skal òg bidra til eit arbeidsliv i utvikling der teknologien i industrien går i retning av meir styrte og automatiserte prosessar og teknikkar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 industrisnikkarfaget skal bidra til å fremje kritisk tenking og medverknad som gir lærlingane høve til å påverke utviklinga i bransjen. Faget skal vidare fremje respekt for naturen gjennom kunnskap om rett bruk av verna og avgrensa ressursar. Faget byggjer på norske tradisjonar innanfor produksjon av møblar og innreiing og skal medverke til å føre vidare tradisjonar gjennom den kunnskapen og dei ferdigheitene lærlingane tileignar seg. Faget legg til rette for meistringskjensle og skaparglede.