Vg3 industrisnikkarfaget (ISN03‑02)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 industrisnikkarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis ein sikrar berekraft i industriell produksjon av trebaserte produkt, og kva verdi produkta har i samfunnet. Vidare handlar det om kunnskap om sertifiseringsordningar for berekraftig trevirke og bruken av verna og nær utryddingstrua treslag, der rett dokumentasjon på trevirket er avgjerande for ei berekraftig forvaltning av artane. Det handlar òg om berekraftig utvikling for andre materialar som blir nytta, under dette lim, lakk, beis og måling.