Vg3 industritekstilfaget (ITF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 industritekstilfaget med fordjuping i garnframstilling

  • gjere greie for og nytte historia til faget i utvikling av tekstilprodukt og forklare dei ulike produksjonsprosessane innanfor industritekstilfaget
  • beskrive bruksområda og eigenskapane til ulike materiale, og vurdere og velje materiale til produksjon
  • gjere greie for styring av produksjon og bruke maskiner og utstyr til produksjon av industritekstilar
  • utføre regelmessig vedlikehald og vurdere behov for teknisk assistanse
  • vurdere behovet for og utføre kontroll av råvarer og produkt, identifisere avvik og utføre korrigerande tiltak
  • dokumentere og rapportere om kvalitet undervegs i produksjonen og på ferdig produkt
  • drøfte faglege utfordringar på tvers av fagområda innanfor industritekstilfaget
  • utføre produksjon, vedlikehald, kvalitetskontroll og dokumentasjon i samsvar med instruksjonar, sikkerheitsdatablad og reglar for helse, miljø og sikkerheit
  • bruke sikkerheitsdatablad og handtere kjemikaliar og avfall etter gjeldande regelverk
  • drøfte mogleg ombruk og utnytting av overskotsmateriale i ein sirkulær produksjon
  • ta imot, vurdere, kontrollere og lagre fiber og garn etter kvalitetsrutinane i bedrifta
  • klargjere fiber etter rutinar og krav om kvalitet
  • utarbeide produksjonsplan og berekne materialforbruk
  • gjere greie for ulike fibertypar og ulike metodar for spinning og tvinning
  • førebu, stille inn og bruke garnframstillingsmaskinene frå fiber til ferdig garn
  • utføre testar og målingar på fiber og garn i produksjonen og på ferdig garn
  • forklare korleis teknologisk utvikling påverkar produksjonen og gjere nytte av dette i produksjonen
  • gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv

Undervegsvurdering