Vg3 industritekstilfaget (ITF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 industritekstilfaget med fordjuping i veving

  • gjere greie for og nytte historia til faget i utvikling av tekstilprodukt og forklare dei ulike produksjonsprosessane innanfor industritekstilfaget
  • beskrive bruksområda og eigenskapane til ulike materiale, og vurdere og velje materiale til produksjon
  • gjere greie for styring av produksjon og bruke maskiner og utstyr til produksjon av industritekstilar
  • utføre regelmessig vedlikehald og vurdere behov for teknisk assistanse
  • vurdere behovet for og utføre kontroll av råvarer og produkt, identifisere avvik og utføre korrigerande tiltak
  • dokumentere og rapportere om kvalitet undervegs i produksjonen og på ferdig produkt
  • drøfte faglege utfordringar på tvers av fagområda innanfor industritekstilfaget
  • utføre produksjon, vedlikehald, kvalitetskontroll og dokumentasjon i samsvar med instruksjonar, sikkerheitsdatablad og reglar for helse, miljø og sikkerheit
  • bruke sikkerheitsdatablad og handtere kjemikaliar og avfall etter gjeldande regelverk
  • drøfte mogleg ombruk og utnytting av overskotsmateriale i ein sirkulær produksjon
  • teste og vurdere kvaliteten på materiale og garn
  • velje og grunngi valet av garn, utstyr, bindingar og mønster som skal brukast i renning og vev
  • utarbeide operasjonsplan, førebu renning og vev, og berekne materialforbruk
  • gjere greie for prinsippa for renning og kjenne til klistring og liming
  • setje opp garn i rennehekk og utføre renning og bomming på rennemaskin
  • montere og knyte ny renning i vevemaskin og utføre framtrekk og igangkøyring av vevemaskina
  • gjere greie for ulike veveteknikkar, innslags- og skiljemetodar og nødvendig utstyr på vevemaskina
  • gjere greie for, teikne og utvikle grunnbindingar til bruk i veven
  • træ reiskapar og gjennomføre mønsterskifte på vevemaskina ut frå binding, tettleik og innslagsgarn
  • utføre vektprøving, kontrollere mønster og farge og tettleik i renning og innslag
  • gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv

Undervegsvurdering