Vg3 industritekstilfaget (ITF03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 industritekstilfaget handlar om industriell framstilling av tradisjonsrike og nyskapande tekstilar frå råmateriale til ferdige samanføydde produkt. Faget skal bidra til kunnskap og ferdigheit gjennom fordjuping anten i farging, trykking og etterbehandling, i garnframstilling, i industrisaum, i trikotasje eller i veving. Faget handlar om å utvikle fagarbeidarar til framstilling av tekstile produkt ved bruk av ulike typar maskiner og prosessar, for å møte ein industri i utvikling som medverkar til å fremje berekraftig produksjon. Faget skal bidra med fagarbeidarar som har kunnskap om teknologi, prosessar, råvarer og kvalitet gjennom framstilling av tradisjonsrike og moderne produkt.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 industritekstilfaget skal bidra til å fremje ei sjølvstendig utføring av arbeidsoppgåver og ei reflektert forståing av samanhengen mellom produksjon og ressursbruk. Kjennskap til historia og korleis faget har utvikla seg frå handverk til moderne industri, er med på å fremje ei betre forståing av verdiar, prinsipp og kulturarv.