Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

  • utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
  • bruke kroppen til å utforske aktivitetar og utvikle grunnleggjande bevegelsar
  • øve på og bruke basisferdigheiter som å føre, kaste, sprette, sparke og ta imot ball i ulike bevegelsesaktivitetar
  • vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land
  • forstå og bruke reglar for samhandling i spel og bevegelsesaktivitetar
  • forstå kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • utforske uteaktivitetar og samarbeide med andre under vekslande årstider i nærmiljøet
  • lage og bruke kart for å orientere seg i kjent terreng
  • øve på trygg og sporlaus ferdsel i naturen
  • forstå og følgje reglar i trafikken

Undervegsvurdering