Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn

  • utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
  • gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
  • bruke kart, digitale verktøy og teikn i naturen til å orientere seg i natur og nærmiljø
  • forstå og praktisere reglar for aktivitet og spel og respektere resultata
  • forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
  • utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn
  • vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn
  • bruke nærmiljøet og utforske lokale kulturar for friluftsliv
  • gjere greie for allemannsretten under ferdsel og opphald i naturen
  • gjennomføre overnattingstur og reflektere over eigne naturopplevingar

Undervegsvurdering