Kroppsøving (KRO01‑05)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
10. trinn: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Vg1 særløp i yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Vg3 studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i skule: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Vg3 påbygging til generell studiekompetanse: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Når faget går over fleire år, skal elevane få standpunktvurdering berre på det øvste nivået i faget.
Eksamen for elevar
Eleven har ikkje eksamen.
Eksamen for privatistar
10.trinn: Det er inga privatistordning i faget.
Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram: Privatisten skal opp til ein munnleg-praktisk eksamen som blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Vg3 studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i skule: Privatisten skal opp til ein munnleg-praktisk eksamen som blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.