Vg3 økologisk landbruk (LBR06‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- stelle husdyr og tilpasse husdyrrom i samsvar med naturleg åtferd hos husdyr og regelverk for økologisk landbruk
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere ein landbruksproduksjon ut frå hovudprinsippa for økologisk landbruksproduksjon
- gjere greie for idégrunnlaget for økologisk landbruk og vurdere dette i eit miljø- og klimaperspektiv
- beskrive og vurdere politiske mål, politiske verkemiddel og regelverk for økologisk landbruk
- vurdere marknaden for økologiske produkt, og planleggje og utføre sal av eit produkt
- planleggje, gjennomføre og vurdere bruk av ulike gjødselskjelder for ei økologisk driftseining
- greie ut om generell jordøkologi og funksjonen til viktige jordorganismar og kva innverknad dei har på jordsmonnet, og vurdere jordprofil ut frå dette
- treffe tiltak for å auke det biologiske mangfaldet og bindinga av karbon i jord, og beskrive omsetninga av organiske og uorganiske stoff i jord
- beskrive kva faktorar som påverkar biologisk nitrogenfiksering hos belgvekstar, og rekne ut mengda nitrogen som belgvekstane tilfører
- planleggje vekstskifte for eit økologisk gardsbruk med sikte på optimal effekt på jordstruktur, binding av karbon, næringsforsyning og plantevern
- planleggje og utføre førebyggjande og direkte tiltak for å regulere ugras, skadedyr og plantesjukdommar i økologiske kulturar og vekstskifte
- bruke, halde ved like og tilpasse maskiner og reiskapar i økologisk planteproduksjon, og lage ein mekaniseringsplan for ein økologisk gard
- lage ein driftsplan for økologisk drift på eit gardsbruk i eit heilskapleg, langsiktig perspektiv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget vg3 økologisk landbruk når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget vg3 økologisk landbruk. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget vg3 økologisk landbruk ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget vg3 økologisk landbruk basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.