Vg3 økologisk landbruk (LBR06‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 økologisk landbruk handlar om jordkultur, planteproduksjon og husdyrhald baserte på økologiske prinsipp. Faget skal utvikle forståing av dei miljø- og klimautfordringane samfunnet står overfor. Faget skal òg bidra til å auke forståinga av økologiske driftsformer og gi elevane kompetanse til å arbeide innanfor både økologisk og konvensjonell drift.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 økologisk landbruk skal bidra til at elevane tenkjer kritisk om korleis vi produserer mat, og korleis ulike produksjonsmåtar påverkar naturen. I arbeidet med faget skal elevane utvikle respekt for naturen og miljømedvit. Faget skal òg leggje til rette for at elevane kan utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong i arbeidet med utvikling av berekraftig matproduksjon.