Vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget (LMM03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeidsoppgåver ut frå prosedyrar, standardar og tilvisingane frå fabrikanten
- søkje etter feil på system og komponentar i tråd med teknisk dokumentasjon, og stille diagnose
- vurdere og beskrive reparasjonsbehov på komponentar med registrert funksjonsavvik
- planleggje arbeidet og velje verktøy på bakgrunn av diagnose
- gjennomføre reparasjonar og vedlikehald i tråd med teknisk dokumentasjon
- bruke måleutstyr og vurdere måleresultat i samsvar med teknisk dokumentasjon
- utføre vedlikehald og reparasjon på elmotorar og forbrenningsmotorar
- feilsøkje og reparere etterbehandlingssystem for avgassar frå forbrenningsmotorar
- utføre vedlikehald og reparasjon på transmisjonar og drivverk
- utføre vedlikehald og reparasjon på ramme og lasteutstyr
- utføre vedlikehald og reparasjon på bremsar og styring
- vurdere slitasje, skadar og behov for vedlikehald på dekk og hjulutrusting
- utføre vedlikehald og reparasjon på hydrauliske system og pneumatikk
- utføre vedlikehald og reparasjon på elektriske og elektroniske system
- utføre vedlikehald og reparasjon på kontroll- og varslingssystem
- utføre vedlikehald og reparasjon på digitale styringar for motor, hydraulikk og transmisjon
- utføre klargjering, vedlikehald og reparasjon på reiskapar for landbruksmaskiner
- utføre vedlikehald og reparasjon på komfort- og klimaanlegg
- utføre reparasjonar og vedlikehald på automatiserte maskinstyringssystem
- utføre periodisk vedlikehald og gjere greie for kvifor det er viktig
- velje smørjemiddel og væsker i samsvar med spesifikasjonane til produsenten
- rettleie brukarar i nødvendig vedlikehald av landbruksmaskiner og reiskapar
- kontrollere og vurdere kvaliteten på arbeid og dokumentasjon og skrive arbeidsrapportar
- registrere og rapportere avvik
- reflektere over kor viktig det er å gjenvinne og sortere avfall i tråd med gjeldande regelverk
- gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.