Vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget (LMM03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å kunne lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å kunne bruke fagterminologi og forstå uttrykksmåtar og å kunne drøfte og reflektere over fagrelaterte emne og problemstillingar. Vidare inneber det å kunne kommunisere og tilpasse munnleg tekst til mottakaren og formålet.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å kunne bruke fagspråk for å utforme tekstar tilpassa mottakaren og formålet. Det inneber òg å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve. Vidare inneber det å kunne utarbeide rapportar og sluttdokumentasjon på utført arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å kunne finne og vurdere informasjon i tekstar, arbeidsbeskrivingar, prosedyrar, sikkerheitsdatablad, teknisk litteratur, rettleiingar, spesifikasjonar frå fabrikant og standardar. Det inneber òg å kunne samanlikne, tolke og systematisere informasjon, å forstå lover og forskrifter og å forstå og kunne følgje arbeidsbeskrivingar, prosedyrar, teknisk dokumentasjon og standardar. Vidare inneber det å kunne lese informasjon for å vere i stand til å delta aktivt i arbeidsmiljøet.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å kunne utføre utrekningar knytte til trykk, temperatur, elektriske storleikar, blandingsforhold i væsker og økonomiske konsekvensar av ressursbruk og metodeval. Det inneber òg å kunne gjennomføre målingar og registreringar i samsvar med teikningar, skjema og standardar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å kunne bruke digitale ressursar til planlegging, dokumentasjon, feilsøking, reparasjon og testing. Det inneber òg å kunne bruke digitale ressursar til diagnostisering, måling, kalibrering, berekning og overvaking. Vidare inneber det å kunne søkje etter og innhente informasjon og kommunisere digitalt. I tillegg inneber det å utvikle etisk medvit og vise digital dømmekraft ved å følgje reglar og normer.