Vg3 landbruksmaskinmekanikarfaget (LMM03‑02)
Kjerneelement
Helse, miljø og sikkerhet
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om kompetanse i risikovurdering og i trygge arbeidsforhold ved vedlikehalds- og reparasjonsarbeid. Det handlar òg om å bruke verneutstyr og å sikre landbruksmaskiner under arbeidet for å hindre skadar på personar og maskiner. Vidare handlar det om sikker handtering av kjemikaliar, væsker og oljar, reinhald og reinsemd under utføringa av arbeidet.
Maskinteknologi og reparasjonsteknikk
Kjerneelementet maskinteknologi og reparasjonsteknikk handlar om samspelet mellom mekaniske, hydrauliske og elektriske komponentar på mekaniske, autonome og robotiserte maskiner. Det handlar òg om klargjering, vedlikehald, feilsøking, ombygging og reparasjon på utstyr og styringssystem ved hjelp av rettleiingar, teknisk litteratur og spesifikasjonane til fabrikantane. Vidare handlar det om å bruke ulike verktøy og måleinstrument i arbeidet.
Planlegging og dokumentasjon
Kjerneelementet planlegging og dokumentasjon handlar om arbeidsprosessen før, under og etter eit arbeidsoppdrag. Det handlar òg om kvalitetsrutinar som omfattar å planleggje arbeidet i forkant, vurdere arbeidet undervegs og vurdere om sluttproduktet tilfredsstiller krav til kvalitet og sikkerheit. Vidare handlar det om å dokumentere arbeidet undervegs og det gjennomførte arbeidsoppdraget.