Vg2 medieproduksjon (MED02‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter konseptutvikling og kommunikasjon
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utvikle idear, konsept og historier tilpassa ulike medium og målgrupper
- pitche idear og produkt til oppdragsgivarar
- produsere medieinnhald og kommunisere innanfor ulike sjangrar og format
- utforske, bruke og vurdere dramaturgi og forteljarteknikkar i eigne og andre sine medieproduksjonar
- utføre oppdrag etter gitte spesifikasjonar i dialog med oppdragsgivaren
- vurdere, velje og nytte verktøy og fagterminologi for samhandling med oppdragsgivarar og andre deltakarar
- utforske og løyse problem gjennom prototyping og brukartesting
- utøve kjeldekritikk og vurdere relevansen til kjeldene i eigne og andre sine medieproduksjonar
- lese og bruke mediestatistikk og vurdere korleis media påverkar menneske og medievanane deira
- utforske og gjere greie for historieforteljing i visuelle og auditive medium
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget konseptutvikling og kommunikasjon når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget konseptutvikling og kommunikasjon. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i konseptutvikling og kommunikasjon ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget konseptutvikling og kommunikasjon basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.