Vg2 medieproduksjon (MED02‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter design og visualisering
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utvikle design for ulike målgrupper ved å bruke teknikkar for idéutvikling og kreativitet
- vurdere og bruke relevante verktøy og designteknikkar innanfor lyd og bilete i ulike sjangrar og format
- produsere og forstå kode til bruk i design- og publiseringsløysingar
- beskrive og bruke verkemiddel frå ulike mediehistoriske epokar og tidsaktuelle sjangrar i eigne produksjonar
- bruke komposisjonsprinsipp i medieprodukt og drøfte korleis dei ulike elementa påverkar kvarandre
- velje komposisjon, typografi, farge og layout tilpassa bodskap og oppdragsgivar
- beskrive og bruke ulike typar lyssetjing som verkemiddel for å framheve form, struktur, farge og bodskap
- beskrive prinsipp for merkevarebygging og utvikle identitetsdesign
- formidle ein bodskap ved hjelp av ulike verkemiddel
- utforske og designe engasjerande brukaropplevingar i digitale og fysiske rom
- gjere greie for og følgje regelverk og retningslinjer for universell utforming og personvern
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget design og visualisering når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget design og visualisering. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget design og visualisering ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget design og visualisering basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.