Vg2 medieproduksjon (MED02‑04)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Teknologi og produksjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Konseptutvikling og kommunikasjon: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Design og visualisering: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Teknologi og produksjon, konseptutvikling og kommunikasjon og design og visualisering: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Teknologi og produksjon: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Konseptutvikling og kommunikasjon: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Design og visualisering: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Teknologi og produksjon, konseptutvikling og kommunikasjon og design og visualisering: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.