Medie- og informasjonskunnskap (MIN01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter medie- og informasjonskunnskap 1
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- finne, vurdere og bruke kjelder
- bruke medie- og kommunikasjonsfaglege teoriar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar
- reflektere over kva rolle media speler for utviklinga av demokratiet i Noreg, og drøfte samanhengen mellom ytringsfridom og demokrati
- gjere greie for hovudlinjer i mediepolitikken i Noreg og drøfte samanhengar mellom mediestrukturen, mediepolitikken og den teknologiske utviklinga i dag
- planleggje og utvikle medieprodukt knytte til medieutvikling
- reflektere over mediebruk og vurdere korleis sosiale medium, og andre medium, kan påverke haldningar, identitet og sjølvforståing
- utforske kva rolle media har i korleis dei presenterer ulike grupper i samfunnet og reflektere over korleis urfolk og minoritetar er presenterte og representerte i media i Noreg
- reflektere over og vurdere etiske og juridiske utfordringar i ulike kommunikasjonssituasjonar og i eigne medieproduksjonar
- vurdere skiljet mellom faktabaserte ytringar og andre ytringar
- beskrive journalistisk arbeidsmetode og reflektere over denne i eigen medieproduksjon
- reflektere over omgrepet sjølvjustis i media og drøfte konsekvensar av brot på medieetiske normer
- reflektere over konsekvensar av uklare skilje mellom journalistikk og andre medieuttrykk
- gjere greie for ulike kommunikasjonsmodellar og bruke desse i analyse og produksjon av medietekstar
- reflektere over samanhengar mellom form og innhald i ulike typar medieforteljingar og utvikle ulike medieproduksjonar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i medie- og informasjonskunnskap 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker faglege metodar og teoriar i utforskande arbeid med og refleksjon over ulike emne, samanhengar og problemstillingar, munnleg, skriftleg og praktisk. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse gjennom refleksjon over etiske spørsmål, medieforteljingar og kva rolle media speler i samfunnet og i deira eige liv. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i arbeid med journalististikk og medieproduksjonar.
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i medie- og informasjonskunnskap 1. Elevane viser og utviklar kompetanse i faget når dei bruker faglege metodar og teoriar i utforskande arbeid med og refleksjon over ulike emne, samanhengar og problemstillingar, munnleg og skriftleg. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse gjennom refleksjon over etiske spørsmål, medieforteljingar og kva rolle media speler i samfunnet og i deira eige liv. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i arbeid med journalististikk og medieproduksjonar.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har ved avslutninga av opplæringa etter medie- og informasjonskunnskap 1. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i medie- og informasjonskunnskap 1 basert på kompetansen eleven har vist ved å skape produkt, belyse ulike emne, samanhengar og problemstillingar og bruke faglege teoriar og metodar i arbeidet.