Medie- og informasjonskunnskap (MIN01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i medie- og informasjonskunnskap inneber å utvikle debattkultur. I dette ligg å argumentere for eigne synspunkt og lytte til, vurdere og gi respons på innspel frå andre. Det inneber òg å presentere og analysere eigne og andre sine medietekstar ved hjelp av fagspråk tilpassa mottakar og formål. Vidare inneber det å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i medie- og informasjonskunnskap inneber å bruke varierte skrivestrategiar for å utforme ulike typar skriftlege tekstar med fagspråk tilpassa formål og mottakar. Det inneber òg å diskutere eit fagleg emne presist og sjølvstendig og bruke relevante faglege teoriar, omgrep og kunnskapar i sjølvstendige skriftlege arbeid. Vidare inneber det å bruke kjelder kritisk og på ein måte som lar seg etterprøve.
Å kunne lese
Å kunne lese i medie- og informasjonskunnskap inneber å analysere og forstå ulike medietekstar. Det inneber òg å finne og vurdere implisitt og eksplisitt informasjon i tekstar om kjende og ukjende emne. Vidare inneber det å lese medietekstar med eit kritisk blikk, vurdere ulike perspektiv og vurdere og tolke formålet og motivet til avsendaren i ein kontekst.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i medie- og informasjonskunnskap inneber å hente ut, tolke og bruke ulike typar statistikk som utgangspunkt for analyse og argumentasjon. Det inneber òg å rekne ut tidsbruk i samband med eigne medieproduksjonar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i medie- og informasjonskunnskap inneber å bruke digitale ressursar i eigen medieproduksjon. Det inneber òg å bruke digitale ressursar til å kommunisere og til å søkje etter, vurdere og bruke informasjon kritisk og etterretteleg. Vidare inneber det å utøve digital dømmekraft, juridisk og etisk.