Medie- og informasjonskunnskap (MIN01‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I medie- og informasjonskunnskap handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om korleis medium fyller ulike behov i livet til ulike menneske. Faget skal fremje generell folkehelse gjennom å tydeleggjere kva slags påverknad media kan ha på menneske. Faget skal òg fremje respekt for ulikskapar mellom menneske og styrkje evna til kritisk tenking i møte med medietekstar om helse og ulike måtar å leve på.
Demokrati og medborgarskap
I medie- og informasjonskunnskap handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om den rolla media speler i demokratiseringa og i eit fungerande demokrati. Det handlar òg om korleis den enkelte kan kommunisere i det offentlege rommet, og korleis misbruk av ytringsfridommen kan medverke til auka polarisering og fleire konfliktar og vere eit hinder for deltaking og integrasjon i samfunnet.