Grafisk design (MOK06‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Grafisk design handlar om kreativt arbeid og visuelle løysingar i ulike medium. Faget gir høve til å utvikle det visuelle språket og utforme sjølvstendige visuelle uttrykk. Grafisk design bidreg i samfunnet gjennom visualisering og tydeleggjering av bodskapar. Faget førebur elevane på vidare studium og eit arbeidsliv som stiller krav til kompetanse i visuell kommunikasjon og design.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Grafisk design skal bidra til å utvikle skaparglede, engasjement og evne til å uttrykkje seg visuelt på ulike måtar. Faget bidreg til innsikt i den visuelle identiteten og historia vår. Det bidreg òg til at elevane utviklar etisk medvit om korleis designval påverkar samfunnet. I grafisk design må elevane òg vege ulike omsyn mot kvarandre for å finne gode løysingar for design, og faget bidreg dermed til at elevane lærer å ta både faglege og sjølvstendige val.