Grafisk design (MOK06‑02)
Tverrfaglege tema
Demokrati og medborgarskap
I grafisk design handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om korleis elevane kan medverke til auka samfunnsdeltaking gjennom grafiske designløysingar. Vidare handlar det om å utvikle design som tek omsyn til rettane og behova til både fleirtalet og mindre grupper i samfunnet.
Berekraftig utvikling
I grafisk design handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane får kompetanse til å gjere etiske val, og om at dei vel og bruker materiale og teknologi som i minst mogleg grad skader miljøet. Faget skal utvikle medvit om korleis grafiske designløysingar og visuelle medieuttrykk påverkar forbruksmønster.