Grafisk design (MOK06‑02)
Kjerneelement
Visuell kommunikasjon
Kjerneelementet visuell kommunikasjon handlar om å bruke komposisjon, farge og typografi i faget. Sentralt i dette kjerneelementet er kunnskap om korleis visuelle verkemiddel og forteljeteknikkar kan brukast til å formidle ein bodskap. Vidare handlar visuell kommunikasjon om å organisere og leggje til rette bodskapar og om å ta omsyn til lesbarheit, symbolbruk og biletbruk.
Designprosess
Kjerneelementet designprosess handlar om ein tenkje- og arbeidsmetode for å identifisere brukarbehov og utarbeide løysingar. Dette inneber utforsking og kreative prosessar for å skape brukaropplevingar som tek omsyn til kjenslemessige og praktiske behov. Kjerneelementet handlar òg om å anvende relevant programvare og utstyr. Vidare handlar det om å ta i bruk kritisk tenking i ulike designprosessar.
Samfunn, kultur og teknologi
Kjerneelementet samfunn, kultur og teknologi handlar om utviklinga av det visuelle språket vårt og om korleis grafisk design kan bidra til å skape meining, knyte band og påverke samfunnsutviklinga. Dette inneber å forstå kva rolle grafisk design har, og korleis det kan brukast i samfunnet. Vidare handlar kjerneelementet samfunn, kultur og teknologi om bruk av verktøy og ny teknologi.