Målar- og overflateteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (MOT05‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter helse, miljø og sikkerheit 

  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
  • risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av støveksponering og bruk av kjemikalium
  • bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • bruke fagterminologi for å kommunisere med kundar, kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • gjere greie for argumentasjonen til andre og bruke og følgje opp innspel frå andre i samtalar og diskusjonar om yrkesrelevante emne (Henta frå læreplan i engelsk)
  • gjere greie for varme arbeid som brannårsak, gjennomføre sikkerheitstiltak og hindre brann (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
  • anvende sikkerheitsdatablad og følgje instruksar ved bruk av kjemikaliar (Henta frå læreplan i vg1 bygg- og anleggsteknikk)
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • kjeldesortere og handtere kjemikalium etter gjeldande regelverk, følgje substitusjonsplikta, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksettje tiltak

Undervegsvurdering