Målar- og overflateteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (MOT05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter overflatebehandling
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- utbetre underlaget før behandling og vurdere korleis kvaliteten på underlaget påverkar arbeidsprosessen
- bruke ulike påføringsteknikkar og påføringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
- restaurere og dekorere bygningar og vurdere korleis byggjeskikk og historia til bygget påverkar valet av produkt og metodar
- utforske og bruke eigenskapane ved geometriske figurar, målestokk og trigonometri til å berekne lengder, vinklar og areal i problemløysing innanfor bygg- og anleggsfag (Henta frå læreplan i matematikk P)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen overflatebehandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen overflatebehandling. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i overflatebehandling. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.