Målar- og overflateteknikkfaget – modulstrukturert opplæring for vaksne (MOT05‑01)
Kjerneelement
Sjiktoppbygging og produktsamansetjing
Kjerneelementet sjiktoppbygging og produktsamansetjing handlar om å planleggje overflatesystem og sikre herdeprosessar. Det handlar vidare om å byggje opp eit sjikt med kompatible produkt frå inst til ytst, ut frå type overflate og ytre påverknad
Innvendig og utvendig overflatebehandling
Kjerneelementet innvendig og utvendig overflatebehandling handlar om å fargesetje og behandle overflater i samsvar med bestillingar, arbeidsbeskrivingar, kravspesifikasjonar. standarder og toleransekrav. Det handlar òg om å velje og påføre miljøvennlege produkt med omsyn til ytre påkjenningar.
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse, i behandling av overflater som sikrar inneklima og lettar reinhald og vedlikehald. Dette kjerneelementet handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre sikker jobbanalyse. Vidare handlar det om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og om å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av dette kjerneelementet.