Musikk (MUS01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 7. trinn

  • utøve eit repertoar av musikk, song, andre vokale uttrykk og dans frå samtida og historia
  • utforske og drøfte korleis musikk frå fortida påverkar musikken i dag
  • øve inn og framføre song og musikk, i samspel eller individuelt, gehørbasert og ved bruk av enkle notasjonsteknikkar
  • lytte, eksperimentere og skape nye uttrykk med instrument, kropp, stemme eller lyd frå andre kjelder, og presentere resultatet
  • bruke teknologi og digitale verktøy til å skape, øve inn og arbeide vidare med musikk
  • bruke fagomgrep i beskriving av og refleksjon over arbeidsprosessar, resultat, musikalske uttrykk og verkemiddel
  • utforske og formidle musikalske opplevingar og erfaringar
  • undersøkje korleis kjønn, kjønnsroller og seksualitet blir framstilt i musikk og dans i det offentlege rommet, og skape uttrykk som utfordrar stereotypiar
  • reflektere over korleis musikk kan spele ulike roller for utvikling av identiteten til individ og grupper

Undervegsvurdering