Musikk (MUS01‑02)
Kjerneelement
Utøve musikk
Kjerneelementet utøve musikk legg vekt på at elevane deltek aktivt med stemme, kropp og instrument i samspel, framføring og leik og i ulike musikalske uttrykk og sjangrar. Kjerneelementet skal gi elevane erfaring med å spele, synge og danse i ulike samanhengar. Kjerneelementet bidreg til at elevane gjennom kreative prosessar får øve seg i handverk, uttrykk og formidling.
Lage musikk
Kjerneelementet lage musikk legg vekt på at elevane arbeider kreativt ved å organisere og setje saman grunnelementa i musikken til noko nytt eller å forme om noko kjend. Kjerneelementet bidreg til å øve elevane i å uttrykkje seg og å lytte medvite i skapande prosessar. Elevane skal få erfaring med og opplæring i ulike måtar å lage musikk på og bli i stand til å ta i bruk ulike improvisasjons- og komposisjonsteknikkar, verktøy og metodar.
Oppleve musikk
Kjerneelementet oppleve musikk legg vekt på at elevane lyttar aktivt og sansande. Dette opnar for emosjonelle erfaringar frå det kvardagslege til dei eksistensielle møta med musikk, og gir elevane øving å i gi uttrykk for musikalske erfaringar. Kunnskap om og erfaring med musikk og musikalske verkemiddel er utgangspunktet for ei reflektert og utforskande tilnærming til musikkopplevinga.
Kulturforståing
Kjerneelementet kulturforståing handlar om korleis songen og musikken elevane utøver, lager og opplever, er forankra og har betydning i kulturen det spring ut av. Å kunne forstå eigne og andre sine musikalske uttrykk, å utøve musikk, å lage musikk og å oppleve musikk både føreset og bidreg til kulturell kompetanse. Spel, song og dans som estetiske uttrykk er påverka av, og er uttrykk for, historiske og samfunnsmessige forhold. Meininga i musikken blir skapt når musikk blir brukt i sosiale samanhengar, og musikk gir meining til sosiale hendingar og ritual.