Musikk (MUS01‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I musikkfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at eleven utviklar evne til å uttrykkje seg gjennom spel, song, andre vokale uttrykk og dans. Fellesskapet rundt musikk byggjer relasjonar mellom menneske, gir meistringskjensle og bidreg til eit positivt sjølvbilete, når dei faglege og estetiske dimensjonane ved musikken blir varetekne. Musikk er ein ressurs for å kjenne att, setje ord på og handtere tankar og kjensler, i medgang og motgang. Kunstnarlege uttrykk gir moglegheit til betre å forstå både eige og andre sitt kjensleliv, og dette legg grunnlag for god psykisk helse.
Demokrati og medborgarskap
I musikk handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane utviklar kunnskap om korleis musikk kan vere ein viktig demokratisk ressurs. Arbeid med temaet i faget gir elevane forståing av korleis dei kan ta i bruk kunstnarlege ytringsformer og estetiske uttrykk i demokratiske prosessar. Faget musikk skal bidra til medvit om korleis musikk til alle tider har vore brukt til å uttrykkje meiningar og til å skape og kommunisere identitetar. I musikk øver elevane seg i å handtere meiningsbrytingar og respektere usemje, og dei utviklar medvit om både retten til å ytre seg og om grensene for ytringsfridom.