Naturfag (NAT01‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 7. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- stille spørsmål og lage hypotesar om naturfaglege fenomen, identifisere variablar og samle data for å finne svar
- skilje mellom observasjonar og slutningar, organisere data, bruke årsak–verknad-argument, trekkje slutningar, vurdere feilkjelder og presentere funn
- bruke og vurdere modellar som representerer fenomen ein ikkje kan observere direkte, og gjere greie for kvifor det blir brukt modellar i naturfag
- lese og forstå faremerking og reflektere over formålet med desse
- gi døme på korleis naturvitskapleg kunnskap er utvikla og utviklar seg
- gi døme på korleis tradisjonell kunnskap har bidrege og bidreg til naturvitskapleg kunnskap
- utforske, lage og programmere teknologiske system som består av delar som verkar saman
- designe og lage eit produkt basert på brukarbehov
- reflektere over korleis teknologi kan løyse utfordringar, skape moglegheiter og føre til nye dilemma
- utforske faseovergangar og kjemiske reaksjonar og beskrive kva som kjenneteiknar dei
- bruke partikkelmodellen til å forklare faseovergangar og eigenskapane til faste stoff, væsker og gassar
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om korleis vi utnyttar elektrisk energi i dagleglivet
- gjere greie for korleis organismar kan delast inn i hovudgrupper, og gi døme på særtrekka til ulike organismar
- gjere greie for betydninga av biologisk mangfald og gjennomføre tiltak for å bevare det biologiske mangfaldet i nærmiljøet
- foreslå tiltak for å bevare det biologiske mangfaldet i nordområda og gi døme på betydninga av tradisjonell kunnskap i naturforvaltning
- utforske og beskrive ulike næringsnett og bruke dette til å diskutere samspel i naturen
- beskrive og visualisere korleis døgn, månefasar og årstider oppstår, og samtale om korleis dette påverkar livet på jorda
- gjere greie for føresetnadene jorda har for liv, og samanlikne med andre himmellekamar i universet
- gjere greie for korleis det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap
- gjere greie for fysiske og psykiske forandringar i puberteten og samtale om korleis dette kan påverke kjensler, handlingar og seksualitet
- gjere greie for nokre av organsystema i kroppen og beskrive korleis systema verkar saman
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i naturfag på 5., 6. og 7. trinn når dei vurderer og bruker fagomgrep og modellar til å utforske, beskrive og forklare naturfaglege fenomen. Dei viser og utviklar òg kompetanse når dei vel metodar, utforskar og reflekterer over teknologi og andre naturfaglege emne og vurderer eigne funn og resultat.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å leggje til rette for varierte, praktiske og utforskande arbeidsmåtar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i naturfag. Elevane skal få moglegheit til å utforske og prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i naturfag.