Naturfag (NAT01‑04)
Kjerneelement
Naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar
Elevane skal oppleve naturfag som eit praktisk og utforskande fag. Elevane skal gjennom oppleving, undring, utforsking og erfaring forstå verda omkring seg i eit naturvitskapleg perspektiv. Ved å arbeide praktisk og ved å lage eigne modellar for å løyse faglege utfordringar kan elevane utvikle skaparglede, evne til nytenking og forståing av naturfagleg teori. Naturvitskapane har eit spesielt språk og fagspesifikke måtar å tenkje på for å forklare fenomen og hendingar. Kjerneelementet beskriv uttrykksformene, metodane og tenkjemåtane i faget. Arbeid med kjerneelementet naturvitskaplege praksisar og tenkjemåtar skal kombinerast med arbeid knytt til dei andre kjerneelementa.
Teknologi
Elevane skal forstå, skape og bruke teknologi, inkludert programmering og modellering, i arbeid med naturfag. Gjennom å bruke og skape teknologi kan elevane kombinere erfaring og fagleg kunnskap med å tenkje kreativt og nyskapande. Elevane skal forstå teknologiske prinsipp og verkemåtar. Dei skal vurdere korleis teknologi kan bidra til løysingar, men òg skape nye utfordringar. Kunnskap om og kompetanse innanfor teknologi er derfor viktig i eit berekraftsperspektiv. Arbeid med kjerneelementet teknologi skal kombinerast med arbeid knytt til dei andre kjerneelementa.
Energi og materie
Elevane skal forstå korleis vi bruker sentrale teoriar, lover og modellar for, og omgrep om, energi, stoff og partiklar for å forklare den fysiske verda vår. Ved å bruke kunnskap om energi og materie skal elevane forstå naturfenomen og sjå samanhengar i naturfaget.
Jorda og livet på jorda
Elevane skal gjennom naturfaget auke forståinga si av naturen og miljøet. Elevane skal få ei grunnleggjande forståing av korleis jorda er danna, og korleis livet på jorda har utvikla seg. Kunnskap om jorda som system og korleis menneska påverkar dette systemet, skal gi elevane grunnlag til å ta berekraftige val.
Kropp og helse
Elevane skal forstå korleis dei store og små systema i kroppen verkar saman. Dei skal òg forstå korleis kroppen utviklar seg, og korleis ein kan ta vare på fysisk og psykisk helse. Kunnskap om systema i kroppen og korleis dei påverkar kvarandre, skal hjelpe elevane til å ta vare på eigen kropp og helse i eit livslangt perspektiv.