Programmering og modellering X (PRM01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Programmering og modellering X handlar om å bruke programmering til å utforske og systematisere samanhengar. Faget skal gi elevane kompetanse til å lage og utforske modellar av eigne og andre sine observasjonar og eksperiment ved hjelp av programmering. Vidare skal faget bidra til at elevane utviklar forståing av korleis modellar kan representere verkelegheita og korleis kunnskap om verkelegheita kan utviklast ved hjelp av modellane. Arbeid med modellar frå ulike fagfelt skal bidra til ei heilskapleg forståing av vitskapleg arbeidsmetode og utvikling. Kompetanse i modellering og programmering vil vere viktig for framtidige studium, arbeidsliv og samfunnsdeltaking.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Programmering og modellering X skal bidra til undring, engasjement og nytenking i praktisk og utforskande arbeid med modellering. Programmering, modellering og simulering skal òg bidra til at elevane utviklar strategiar for problemløysing og kritisk refleksjon. Vidare skal faget bidra til at elevane forstår verdien av samarbeid og idéutveksling for å utvikle kunnskapar, ferdigheiter og forståing.