Programmering og modellering X (PRM01‑02)
Kjerneelement
Matematisk modellering
Kjerneelementet matematisk modellering handlar om å bruke og lage modellar som representasjonar av verkelegheita. Det handlar vidare om korleis utforming av matematiske modellar og vurdering av desse kan bidra til forståing av fenomen i natur og samfunn. Dessutan handlar det om korleis modelleringsprosessen kan bidra til forståing av samanhengar i og mellom fag.
Utforsking og problemløysing
Kjerneelementet utforsking og problemløysing handlar om å identifisere problem i modelleringsprosessen og bruke ulike metodar til å finne løysingar på problema. Vidare handlar det om å beherske algoritmisk tenking og utvikle og bruke algoritmar i problemløysing, både med og utan datamaskin. Kjerneelementet handlar òg om å bruke kjend kunnskap i nye samanhengar og til kritisk å vurdere eigne arbeid, prosessar og resultat.
Modellbasert simulering
Kjerneelementet modellbasert simulering handlar om å nytte ein modell til å produsere data og visualiseringar som kan samanliknast med verkelege observasjonar. Det inneber òg å bruke denne informasjonen til å identifisere moglege justeringar av modellen, som kan bidra til at modellen betre representerar verkelegheita slik ein har observert ho eller reknar med at ho må vere. Vidare inneber det å kunne nytte den etablerte modellen til å utforske samanhengar og konkrete problemstillingar.