Programmering og modellering X (PRM01‑02)
Tverrfaglege tema
Demokrati og medborgarskap
I programmering og modellering X handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om korleis vi bruker modellar og simuleringar til å trekkje konklusjonar om samfunnet og verda omkring oss. Det handlar òg om medvit om korleis vitskapen systematiserer og formidlar verkelegheita. Vidare handlar det om kritisk vurderingsevne og kompetanse til å argumentere sakleg, slik at ein kan forstå og delta i aktuelle debattar i samfunnet.