KRLE (RLE01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og beskrive korleis kristendom og andre religionar og livssyn kjem til uttrykk lokalt og regionalt
- samtale om og presentere sentrale forteljingar og trusførestillingar i kristen tradisjon
- samtale om og presentere sentrale forteljingar og trusførestillingar i austlege og vestlege religiøse tradisjonar
- samanlikne og presentere ulike årstider og høgtider i kristendom og andre religions- og livssynstradisjonar, som kulturarv
- samtale om og presentere estetiske uttrykk frå kristendom og andre religionar og livssyn
- bruke enkle fagomgrep i arbeidet med religionar og livssyn
- skilje mellom ulike kjelder til kunnskap om religionar og livssyn
- beskrive og samtale om ulike måtar å leve saman på i familie og samfunn
- samarbeide med andre i filosofisk samtale
- identifisere og reflektere over etiske spørsmål
- utforske og samtale om etiske sider ved levesettet og ressursbruken til menneska
- setje seg inn i og formidle eigne og andre sine tankar, kjensler og erfaringar
- samtale om kva menneskeverd, respekt og toleranse betyr og kva det inneber for korleis vi lever saman
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i KRLE på 1.–4. trinn når dei formidlar kunnskap om religionar og livssyn frå nærmiljøet og omverda. Elevane viser og utviklar òg kompetanse i KRLE når dei undrar seg over og utforskar etiske og filosofiske spørsmål saman med andre. Vidare viser og utviklar dei kompetanse ved å ta i bruk enkle fagomgrep.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom munnlege, skriftlege, estetiske, praktiske, leikprega og digitale måtar å arbeide med KRLE-faget på. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i KRLE. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kunnskap om kristendom, andre religionar, livssyn og etikk.