KRLE (RLE01‑03)
Kjerneelement
Kjennskap til religionar og livssyn
Faget skal gi kunnskap om og forståing for kristendom og andre religionar og livssyn lokalt, nasjonalt og globalt og på individ-, gruppe- og tradisjonsnivå. Elevane skal òg få innsikt i korleis kristendom og andre religionar og livssyn inngår i historiske prosessar og heng saman med samfunnsendringar og kulturarv. Elevane skal bli kjende med mangfaldet av religionar og livssyn, og med det indre mangfaldet i dei ulike tradisjonane. Faget skal gi grunnlag for refleksjon over majoritets-, minoritets- og urfolksperspektiv i Noreg.
Utforsking av religionar og livssyn med ulike metodar
Elevane skal undersøkje og utforske kristendom og andre religionar og livssyn som samansette fenomen gjennom bruk av varierte metodar. Forståinga deira av religionar og livssyn blir utdjupa og utfordra gjennom analyse av og kritisk refleksjon over kjelder, normer og definisjonsmakt. Kjennskap til ulike syn på og definisjonar av religionar og livssyn inngår i kjerneelementet og er vesentleg for å forstå og handtere mangfald.
Utforsking av eksistensielle spørsmål og svar
Faget handlar om ulike måtar menneske har nærma seg spørsmål om meining, identitet og verkelegheitsbilete gjennom religionar, livssyn, etikk og filosofi. Faget skal gi rom for refleksjon, filosofisk samtale og undring ved å utforske eksistensielle spørsmål. Elevane skal òg kunne forhalde seg til spørsmål det er djup usemje om.
Å kunne ta andre sitt perspektiv
Faget skal gi elevane moglegheit til å utvikle eigne synspunkt og haldningar i møte med andre gjennom innanfrå- og utanfrå-perspektiv og gjennom dialog og refleksjon over likskapar og forskjellar. På den måten skal faget bidra til at elevane utviklar interesse og respekt for kvarandre uavhengig av kulturell, sosial, religiøs eller livssynsmessig bakgrunn. Faget skal bidra til at elevane utviklar mangfaldskompetanse. Samiske perspektiv inngår. Tema knytte til kjønn og funksjonsevne inngår òg.
Etisk refleksjon
Elevane skal kunne identifisere etiske dilemma og drøfte moralske spørsmål ved hjelp av eigen erfaringsbakgrunn, evne til innleving og ulike etiske modellar og omgrep. Etisk refleksjon gir moglegheit til å handtere store og små spørsmål, konfliktar og utfordringar med betydning for skulesamfunnet, kvardagslivet og det globale samfunnet. Filosofiske tenkjemåtar gir elevane reiskapar til å analysere argumentasjon og påstandar.