KRLE (RLE01‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I KRLE handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane skal få utforske eksistensielle spørsmål og svar. Arbeidet med faget gir elevane kunnskap om menneskeverdet og korleis dette blir forankra i ulike religionar og livssyn. Faget bidreg til å utvikle evna elevane har til å reflektere over etiske spørsmål og problemstillingar som gjeld identitet, kjønn, seksualitet og psykisk helse.
Demokrati og medborgarskap
I KRLE handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane skal delta i etisk refleksjon og få øving i å ta ulike perspektiv. KRLE bidreg til å styrkje evna elevane har til å handtere utfordrande spørsmål og vere opne for synspunkta til andre i eit mangfaldig samfunn. Gjennom å delta i etisk refleksjon blir elevane i stand til å problematisere makt og utanforskap og til å stille spørsmål ved gjengse normer.
Berekraftig utvikling
I KRLE handlar det tverrfaglege temaet bærekraftig utvikling om at elevane skal utforske eksistensielle spørsmål og delta i etisk refleksjon over naturen og kva plass mennesket har i han. Dette inneber at elevane kan reflektere over korleis menneske, miljø og samfunn påverkar kvarandre, og over korleis dei kan ta ansvarlege val.