Vg3 smedfaget (SME03‑02)
Kjerneelement
Handverksteknikkar og maskinbruk
Kjerneelementet handverksteknikkar og maskinbruk handlar om metodar og teknikkar for plastisk forming og anna tilarbeiding og forming av metall, og om å utvikle handlag og meistre verktøy og maskiner, med vekt på dimensjonar og presisjon. Det handlar òg om å nytte gode arbeidsrutinar som tek vare på helse, miljø og sikkerheit.
Materialforståing
Kjerneelementet materialforståing handlar om å kjenne eigenskapane til ulike metall og kunne velje rett materiale til ei aktuell oppgåve. Det handlar òg om å meistre varmebehandling av jernhaldige og ikkje-jernhaldige metall, å kunne vurdere konsekvensar av smiing eller varmebehandling ved feil temperatur eller feil struktur og å kunne analysere andre typiske feil.
Produktutvikling og dokumentasjon
Kjerneelementet produktutvikling og dokumentasjon handlar om å bruke skisser, teikningar, modellar, arbeidsteikningar og tekniske teikningar i prosessen frå idé til ferdig produkt. Det handlar òg om å utarbeide bruksrettleiingar og arbeidsinstruksar etter behov, manuelt og digitalt. Vidare handlar det om grunnleggjande forståing av økonomi, sal, marknadsføring og produksjonsprosessar.
Tradisjon og nyskaping
Kjerneelementet tradisjon og nyskaping handlar om å nytte tradisjonelle smedteknikkar, men òg om å ta i bruk ny teknologi. Det handlar òg om reparasjon, restaurering og kopiering av smedprodukt og om den opphavlege historiske verdien til gjenstanden. Vidare handlar dette kjerneelementet om å formgi nye gjenstandar med grunnlag i tradisjonane i faget, men òg om å bli inspirert av trendar i moderne metalldesign.
Bedriftsforståing og marknadskommunikasjon
Kjerneelementet bedriftsforståing og marknadskommunikasjon handlar om kommunikasjon med kundar, prissetjing av produkt og kjennskap til marknadsmekanismar og ressursbruk. Det handlar òg om marknadsføring og bedriftskultur, inkludert økonomi, tverrfagleg kommunikasjon og kundebehandling.