Vg3 smedfaget (SME03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 smedfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle handlag, gode arbeidsrutinar og evne til problemløysing, og om å utvikle identitet og å ta ansvarlege val i eige liv og i skapande arbeid. Det handlar òg om korleis ein kan gi uttrykk for eigne opplevingar, tankar og meiningar i samarbeid med andre og i arbeidet med oppgåver innanfor smedfaget.
Berekraftig utvikling
I vg3 smedfaget handlar det tverrfaglige temaet berekraftig utvikling om kritisk refleksjon rundt val av materiale, produksjonsmetodar, verktøy og maskiner i ein etisk og berekraftig produksjon, og korleis dette kan påverke utslepp og miljøavtrykk. Vidare handlar det om å leggje vekt på produksjon av haldbare produkt der vedlikehald og reparasjon er mogleg, og å vidareutvikle og skape nye smedprodukt med god og varig kvalitet. Berekraftig utvikling handlar òg om at faget er ein del av arbeidet med å sikre natur- og kulturarven i verda.