Vg3 sjømatproduksjon (SMP03‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere mottak, vidareforedling, transport og omsetning av sjømat
- gjennomføre førstehandsbehandling i samsvar med gjeldande regelverk og forklare samanhengar mellom kvalitet og fangstmetodar
- sikre trygg matproduksjon gjennom å praktisere god personleg hygiene, produksjonshygiene og næringsmiddelhygiene, i samsvar med rutinane og regelverket til verksemda, og gjere greie for konsekvensar av avvik
- forstå og arbeide i tråd med kvalitetssystem og reflektere over kor viktig dette er for verksemda og samarbeidspartnarar
- gjennomføre manuell og maskinell handtering av sjømat og marint restråstoff og reflektere over val av metode
- bruke verktøy, maskiner og utstyr på ein kvalifisert måte, utføre førebyggjande dagleg vedlikehald av maskiner og utstyr og gjere greie for konsekvensar ved avvik
- anvende aktuelle kjøle-, fryse- og konserveringsmetodar og vurdere korleis kvaliteten på produkta blir påverka over tid
- utvikle og justere reseptar og produktspesifikasjonar og gjere greie for korleis råvarer, hjelpe- og tilsetjingsstoff og produksjonsmetodar påverkar produkta
- gjere greie for eigenskapane og samansetninga til råvarene, forklare kva endringar som skjer under produksjon og konservering, og gjere greie for kva rolle sjømat har for kosthald og helse
- anvende emballerings- og lagringsmetodar og gjere greie for korleis dette påverkar kvalitet og ressursutnytting
- reflektere over korleis ønskte og uønskte mikroorganismar kan påverke sjømat, og gjere greie for tiltak for å styre førekomsten
- gjere greie for og følgje rutinar for skadedyrnedkjemping i verksemda
- følgje rutinar og reglar for helse, miljø og sikkerheit, bruke verneutstyr, jobbe ergonomisk riktig, utføre førstehjelp og bidra til eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø
- gjere greie for rammevilkår, lover og forskrifter og forklare kva rolle tilsynsmyndigheitene har overfor verksemda
- gjere greie for tekniske, kjemiske, biologiske og juridiske føresetnader for levandelagring av sjømat og drøfte konsekvensar ved avvik
- følgje krav og rutinar for merking og sporing og gjere greie for konsekvensar ved avvik
- handtere biologisk avfall og andre typar avfall og reflektere over korleis dette påverkar miljøet
- gjennomføre utbytteberekningar og enkle kalkulasjonar og drøfte faktorar som påverkar dei økonomiske resultata til verksemda
- drøfte etiske dilemma ved produksjon og omsetning av mat- og drikkevarer og gjere medvitne og berekraftige val
- utvikle fagidentitet gjennom å bruke faguttrykk og tileigne seg kunnskap, og kommunisere presist og forståeleg i samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
- utvikle faglege ferdigheiter, arbeide effektivt og reflektere over tiltak som kan bidra til innovasjon og forbetringsarbeid i verksemda
- reflektere over korleis samhandling i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap kan fremje likeverd og likestilling
- beskrive måla og historia til verksemda og reflektere over korleis dette påverkar den daglege drifta
- gjere greie for organiseringa av verksemda, rettane og pliktene til arbeidstakaren og arbeidsgivaren, korleis partane i arbeidslivet samarbeider, og korleis dette bidreg til å utvikle eit betre arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 sjømatproduksjon når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 sjømatproduksjon. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.