Vg3 sjømatproduksjon (SMP03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 sjømatproduksjon handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å reflektere over samanhengen mellom kosthald og folkehelse. Vidare handlar det om å utvikle ein yrkesidentitet som bidreg til eit positivt sjølvbilete gjennom meistring og deltaking i eit fagleg og kollegialt yrkesfellesskap.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 sjømatproduksjon handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om respekt for ulike religionar, kulturar og mattradisjonar. Det handlar vidare om plikter og rettar i trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og lovgivande myndigheit jobbar saman om å utvikle eit betre arbeidsliv. Demokrati og medborgarskap handlar òg om å motverke arbeidslivskriminalitet, diskriminering og forskjellsbehandling.
Berekraftig utvikling
I vg3 sjømatproduksjon handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om ei verd i endring som treng eit meir tilpassa forbruk av sjømat. Gjennom kunnskap om råvaretilgang og ressursutnytting, teknologiutvikling, avfallshandtering, gjenbruk og resirkulering skal lærlingen forstå korleis miljøet blir påverka lokalt og globalt.