Vg3 sjømatproduksjon (SMP03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 sjømatproduksjon handlar om klargjering, oppbevaring, vidareforedling og omsetning av sjømat. Faget handlar vidare om slakting etter gjeldande forskrifter, sløying, filetering og reinsing av sjømat. Vg3 sjømatproduksjon skal gjennom overvaking og betening av produksjonsutstyr, operatørvedlikehald og forbetringsarbeid bidra til å fremme matsikkerheit og berekraftig ressursforvaltning. Faget skal òg bidra til å utvikle sjølvstendige, samarbeidande og omstillingsdyktige fagarbeidarar i eit arbeidsliv i endring.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 sjømatproduksjon skal bidra til innsikt i produksjon og omsetning av sjømat tilpassa ønska og behova til kundane. Gjennom kritisk tenking, medverknad, etisk refleksjon og arbeidsoppgåver utviklar lærlingane innsikt i samanhengen mellom ressursbruken i dag og behovet for å ta vare på og utnytte ressursane for framtidige generasjonar. Vg3 sjømatproduksjon skal òg bidra til forståing av medråderett og medansvar på arbeidsplassen.