Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produksjon og overflatebehandling
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- velje og bruke ulike limtypar og samanføyingsteknikkar og vurdere korleis valet påverkar styrken og samanføyinga i konstruksjonen
- framstille produkt, vurdere konsekvensar av fukt i materialane og luftfukt i bygget og settje i verk tiltak
- gjere greie for produksjon av innreiing, dører, vindauge og trapper og drøfte forskjellane i produksjonsmetodar
- velje produksjonsmetode, stille inn og programmere maskiner etter arbeidsoppdraget og reflektere over konsekvensar av vald metode
- forbehandle og overflatebehandle ulike produkt og vurdere korleis valet av produkt og metodar påverkar sluttproduktet
- kontrollere, pakke, emballere og kvalitetssikre ulike typar produkt for transport og vurdere kva faktorar som vernar produkta mot ytre påkjenningar
- vurdere behov for vedlikehald av utstyr, setje i verk tiltak og reflektere over kva faktorar ved vedlikehald som sikrar drifta og produktkvaliteten
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem og vurdere og dokumentere eige arbeid
- drøfte skogens betydning som ressurs og råstoffkilde og reflektere over miljøkonsekvenser av hogst (Henta frå læreplan i vg2 Treteknikk)
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen produksjon og overflatebehandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen produksjon og overflatebehandling. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i produksjon og verflatebehandling. Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.