Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter fordjuping i dør og vindauge
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- velje matarialar og vurdere kva faktorar som påverkar eigenskapane, levetida, styrken og stabiliteten, sikkerheita og det estetiske uttrykket til sluttproduktet
- drøfte ulike faktorar som påverkar isoleringsevna, lyd, lys, vask og risiko for knusing
- velje glas og konstruksjonsmetode i samsvar med spesifikasjon om isoleringsevne og settje inn glas
- reflektere over korleis montering av beslag og glas medverkar til å redusere brann og innbrot, velje beslag og sette sammen karm og ramme
- velje konstruksjon og drøfte eigenskapar ved konstruksjonen som tilfredsstiller krava til rømmingsveg
- velje og bruke impregneringsmetode og vurdere kva faktorar som påverkar levetida til produktet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderingen skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i modulen fordjuping i dør og vindauge når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i modulen fordjuping i dør og vindauge. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i modulen. Kompetansemåla i alle modulane skal forståst i lys av teksten om faget.
Lærlingen skal ha ei midtvegsvurdering ved avslutninga av opplæringa i dør- og vindauge . Midtvegsvurderinga har karakteruttrykket godkjent/ikkje godkjent.