Snikkarfaget med fordjupingsområde – modulstrukturert opplæring for vaksne (SNE05‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 snikkarfaget handlar om å produsere vindauge, dører, trapper og innreiingar til bustader og næringsbygg og innreiing av skip og køyretøy. Faget skal gjere lærlingane i stand til å handtere materialar, bruke maskiner og setje saman og montere ulike produkt. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som bruker råvarer og produksjonsteknikkar som sikrar kostnadseffektivitet, framstiller treprodukt som gir varige og miljøvennlege og energieffektive produkt, og sikrar estetisk uttrykk.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 snikkarfaget skal bidra til skaparglede og engasjement når lærlingane framstiller treprodukt med varige miljøvennlege og energieffektive kvalitetar. Kritisk tenking og etisk medvit blir fremja gjennom val av berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting og gjenbruk av materiale vil òg vere med på å fremje respekt for naturen og miljøet. Vidare skal faget bidra til at lærlingane får kunnskap om kva pliktar og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og om trepartssamarbeidet der arbeidsgivarane, arbeidstakarane og styresmaktene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. Gjennom dialog og refleksjonar om krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap får lærlingane auka forståing for verdien av kulturelt mangfald i bygg- og anleggsbransjen.