Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget (TLT03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget med fordjuping i konstruksjonslimtre

  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem og gjennomføre arbeid i tråd med gjeldande krav for helse, miljø og sikkerheit
  • risikovurdere produksjonsprosessen, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • planleggje og arbeide etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar og toleransekrav og vurdere arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektiviteten og miljøet
  • gjere greie for framstilling av trelast- og limtreprodukt og drøfte forskjellane i produksjonsmetodar
  • ta imot, handtere og lagre råvarer og materialar og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • vurdere og dokumentere eige arbeid i samsvar med spesifikasjonar
  • setje i drift, styre og overvake framstilling av ulike produkt, vurdere konsekvensar av produksjonstempo, verktøyslitasje og endringar i materialkvalitet og setje i verk tiltak
  • vurdere behovet for vedlikehald av utstyr, setje i verk tiltak og reflektere over kva faktorar ved vedlikehald som sikrar drifta og produktkvaliteten
  • kontrollere produktmerking, pakke, emballere og kvalitetssikre ulike typar produkt og vurdere kva faktorar som vernar produkta mot ytre påkjenningar
  • innhente produksjonsrapportar og reflektere over kor viktig det er å dokumentere produksjonsprosessen
  • bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som medverkar til å minimere miljøavtrykk og sikre effektiv ressursutnytting
  • kjeldesortere, handtere avfall etter gjeldande regelverk, vurdere om gjenbruk er mogleg, og reflektere over konsekvensar av feilhandtering
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har og reflektere over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensar av støy, støveksponering og bruk av kjemikaliar
  • utføre grunnleggjande førstehjelp
  • vurdere og dokumentere arbeidsprosessane og gjere greie for korleis temperatur, dimensjon og fukt i materialane påverkar det ferdige produktet
  • kontrollere plank, betene fingerskøyteanlegg og gjere greie for korleis ulike produksjonsprosessar og limtypar påverkar fingerskøyten
  • kontrollere fingergeometri og limfuger og sikre eigenskapane til limtreet i tråd med kravspesifikasjonen
  • tilarbeide limingsflater og vurdere korleis kvaliteten av limingsflata påverkar hefteevna til limet
  • plassere lamellar, påføre lim og drøfte kva faktorar som påverkar kvaliteten på sluttproduktet
  • betene limpresse og gjere greie for kva konsekvensar presstrykk, presstid og varme har for limeresultatet
  • tilarbeide limtre til ferdig produkt og vurdere resultatet i samsvar med arbeidsoppdraget
  • byggje limtreprodukt, plassere lamellar og drøfte ulike faktorar som påverkar oppbygging av limtreprodukt
  • stille inn limeanlegget, påføre lim og drøfte konsekvensar ved val av påføringsmengde, blandeforhold og limtype

Undervegsvurdering